leffi all over the place

Sunday, September 17, 2006

cd salget

i går blei eg kvitt cden eg har skreve om. eg skulle nemleg i selskap og såg moglegheiten til å bli kvitt cden. eg ga han til Kristine. eg kan melda at ho blei svært glad for han. så glad blei ho at ho byrja å le. det var eg sjølvsagt glad for.

det var foresten kjekt å treffa ho igjen sidan ho ikkje bur her lenger. alice dukka og opp frå kristiansand, det var og eit hyggeleg gjennsyn. i begynnelsen var eg den einste guten der. det blei mykje sladder, men det plar jo vere kjekt i visse mengdar, så det var ikkje så gale. så kom odd etter kvart, det hjalp litt på sladderfaktoren, men ikkje så mykje.

eg inviterte alice på middag i dag men ho kom ikkje. ho hadde nemleg på førehand avtala at ho skulle i møte med venninna iris adele. difor gjekk eg heller på middag til mor og far i dag. det var godt. eg hadde med meg ein eplepai eg laga i går. eg laga og brownies i går. eg trur ikkje eg greier ete opp alt, difor blir takksemda stor viss du som les dette vil koma på besøk å eta kake og på den måten letta trykken på magen min.

viss nokon lurer på kvifor eg ikkje lenger legg ut bilete på denne bloggen er det fordi eg har øydelagd fotoaparatet mitt. det skjedde på skjærgårds i sommar då eg la kameraet i same pose om ei vannflaske. flaska opna seg og kameraet stod ikkje til å redda.

takk for at du les om livet mitt

9 Comments:

At 7:18 PM, Blogger AK said...

Ååhh... Brownies hørtes godt ut... Bare synd at eg befinne meg sånn rundt regna 8-9 timar fra der du e...

 
At 9:39 PM, Blogger leffi said...

ja det var verkeleg synd. eg åt ikkje av browniesen før nettopp no og då fant eg ut at kaka var stiek ein liten smule for lite, så ho var akkurat ein smule for blaut men hi var jo god for det.

 
At 1:33 PM, Anonymous Anonymous said...

du e morsomme leffi. Eg trur eg au hadde komt på besøg t dg viss d ikje va for at eg bur lagt vekke. eg savne dg å dine morsomheter. lykke til

 
At 1:33 PM, Anonymous Anonymous said...

mvh helene

 
At 5:32 PM, Blogger Arielle=) said...

Va she bra å hørra d om kameraet ditt..=/ Må passa på tingå dine bedre! :P

 
At 3:22 PM, Blogger Linda said...

Eg syns brownies e kjempegodt. Spesielt når de ikkje e skikkeli stekte, altså litt blaude. D e sånn de ska ver! =)

Stakkars kamera ditt. Ikkje smart å legga d samen me ei vannflaska..

=)

 
At 4:53 PM, Blogger leffi said...

men det er jo ikkje vanleg at ei vannfalske skal opna seg av seg sjølve!

 
At 8:38 AM, Blogger Gunn said...

Oisann mat i hovudet 6.30 det må jo vera særs irriterande. Men det er jo godt at dette ikkje øydelegg freden i heimen.

 
At 1:56 PM, Blogger Kenneth said...

søren leffi, røy kvalites (prix) kamerae ditt?

 

Post a Comment

<< Home