leffi all over the place

Friday, September 05, 2008

livet i kampensgata 34

no er de bokstaveleg tala år og dag sidan sist eg blogga! det gjer eg no noko med å skriv denne meir eller mindre tilfeldige bloggen, og sidan eg registerer at det er liten eller ingen blogge aktivitet ellers hjå mine venner reknar eg ikkje med at nokon kjem til å lese, så difor er det særs viktig at du som les dette komenterer viss du vil lese eit nytt innlegg av meg før eg eller du døyr.

men no til det er skulle skrive om. eg bur no i kampensgata 34 i stavanger i lag med mi gode venninne Tone (me er ikkje så gode venner at me deler sang, men akkurat så gode vener at me delar eit måltid i ny og ne og ei kanne kaffi omtrent kvar dag)

eg bakar brød kvar sundag ogi går laga eg heimelaga leverpostei. tone spiss alt eg lagar. det synes eg er kjekt.

det var alt for i dag. det er tross alt fredag.
på gjennsyn!

Sunday, June 03, 2007

opera

i dag skal eg skriva om ei ny oppdaging. ein netlesar som ikkje heiter explorer. men opera. det er vistnok nokre norske menn (moglegens og damer) som har laga denne nettlesaren og han er kora til den beste!

det eg likar best med de nye nettlesaren min er at det er noko som heiter widgets. det er sånne tøffe ting som berre må opplevast. favorit widgetsen min er simsquarium. der har eg fiskar som eg kan kjøpe å selge. fiskane mine lagar ungar som eg kan selge slik at eg kan kjøpe ting til fiskane mine, som f.eks. vasspumpe, planter, lys eller leikekameratar til fiskane.

Wednesday, May 30, 2007

Kenneth Sinnes

no har eg nettopp fått brev av min kjeære venn Kenneth Sinnes. Brev var visst for tøffe gutar alikevel! Eg vil berre anbefala alle å skriva brev til Kenneth Sinnes for han er ein god brevvenn, sjølv om svare kan koma litt seint. Dette var eit brev med kvalitet.

Sunday, May 27, 2007

store ting




det fins mange store ting her i verda, villsvin kan bli store og det kan sjøaurar og!




villsvinet er skutt av ein gut på 11 år, det tok eit par timar å drepe det, og 8 skudd om eg ikkje huksar feil.

fisken er fiska av meg. eit kast med 4 krokar.
bileta er av fisken min og villsvinet til guten!







Monday, May 21, 2007

Kenneth Sinnes

berre så det ikkje vert missforståingar så vil eg berre gjere det klart at dette er begynnelsen på ein sverte kampanje av Kenneth Sinnes.

for nokre månader sidan skreiv eg ein melding til min tidligare kamerat. eg spurte han kva addressa han var. eg skulle nemleg overaske Alice med eit brev, så eg kunne ikkje spørje henne. eg sendte hu eit brev, og då Kenneth Sinnes kom heim på ferie fortalte han meg at han var skuffa over å ikkje mota noko brev, men berre var ei brikke i mitt spel om Alice. Då sa eg at eg kunne skrive eit brev til han. han svara då: "Det er eg glad for!". han hadde eit smil rundt munnen.

så gjekk det ei lita tid før eg bestemte meg for å skriva eit brev til han. eg venta og venta på svar. det er jo vanleg å svar på brev når ein er så heldig at ein får eit. eg fekk svar frå alice og tenkte at eg skulle svara ho. bak på konvolutten hennar skreiv eg ein beskjed til Kenneth Sinnes: det er vanleg å svara når ein for brev. du får ikkje eit nytt brev av meg før eg får svar.

nokre dagar seinare får eg ein sms. der står det at tøffe gutar ikkje skriv brev. eg svara då i reint sinne at tøffe gutar ikkje trygglar etter brev utan å svare når dei får eit!

viss det er nokre andre som har historiar som kan sverte Kenneth Sinnes så legg dei ut på bloggen min eller din. la oss fylla weben med historiar som ikkje er til Kenneth Sinnes sitt beste!

(no reknar eg med at det er mange tastatur som det kankar godt i!)

GOD SKRIVING!

Thursday, May 10, 2007

konsert

i dag har det vore operakafè i sandnes kulturhus, og der var eg å song som tidlegare annonsert. oppmøte av lesarane mine var som venta lågt, men nokre ekte vener skal eg nemne ved navn, linda, gunn og vegard var så elskverdige at dei tok seg råd og ikkje minst tid til å sitje å høyre på ein heil konsert, der eg son ein duett, og var i koret på to songar.

eg synes det var ei kjekke konsert. dei andre som song var kjempegode! sjølv song eg ein sang frå operaen Don Giavanni av W.A. Mozart. teksten var oversatt til norsk så det var kjekt! no er eg sliten, det skal bli godt å såve litt no!

på gjennsyn!

bilete fins på bloggen til linda!

Wednesday, April 25, 2007

uønska

Ein gong no i haust vart eg invitert av mi kjære klassevennine på ost og kjeks trur eg det var. Eller så var det st og vin. Det kan eg ikkje huksa, men det er ikkje det viktige. Eg sa eg skulle koma. Eg skulle først heim ein tur, og som dei fleste veit bur eg på Kvernaland, og må då ta toget i ca 30 min pluss ein liten køyretur(det var på den tida eg hadde bil). Eg kom meg vel heim og fant meg godt til rette i sofaen. litt for godt til rette for eg gadd ikkje reise inn til Stavanger igjen.

Då eg kom på skulen neste dag sa Annette Maria Kaarud til meg: (les på tønsbergsk) " det er vanlig høflighet å gi beskjed når du ikke kommer alikevel!" ho såg stykt på meg. eg gjekk då inn på toalettet for å lette på trykket, og der fant eg dopapir som eg skreiv eit dikt på. eg huksar ikkje diktet, men det var fint og Annette Maria Kaarud smilte igjen. då vart eg glad. men eg har aldri vorten invitert på ost og kjeks eller vin igjen. det er litt dumt.

Annette Maria Kaarud er med dette invitert på ost og kjeks (eventuel vin må takast med sjølve). Du har ikkje avbudsmeldeplikt, men påmelding er forventa innan rimeleg tid!

Alle andre som vil treffa meg oppmodar eg til å sette av torsdag 10. mai! oppmøte i foajeen i Sandnes Kulturhus klokka 1915! Ta med hundre kroner så skal me ha det kjempe kjekt ilag! kake vert servert i leiligheten litt utpå kvelden!
påmeldingsfrist innan klokka 1600 onsdag 9. mai slik at alle kan få kake!