leffi all over the place

Thursday, November 23, 2006

forprøvetida!

eg har vore rundt på ein del bloggar no og funne ut at det er ein hit å skrive om eksamenstida! eg har ikkje eksamen til jul, på mitt studie heiter det forprøvar. men eg har jo fri som alle andre til å lese. men det er ikkje så lett for som alle andre så synes eg og at alt blir kjekt i forhold til å lesa! d e jo synd. heldivis kan eg synga i tillegg og det er jo kjekt men det tell ikkje så mykje til jul som f.eks. musikkehistoie... det er dumt. d som eg gjer oftast når eigentleg skulle lest er å fyra i ovnen. kva gjer du når du eigentleg burde vore på rommet ditt eller i lesesalen for å auka kunnskapsnivået??

Sunday, November 05, 2006

framtida

i dag fekk eg lyst til å skrive lit om framtida mi, og difor skal eg skriva om livet til operastjerner! eg er med i koret på tryllefløyten no om dagen og det er kjempe kjekt. der får eg treffe operastjerner og sjå korleis dei arbeider, det er nesten som arbeidsveka ein gong til!

i dag på forestllinga var alle gode som vanleg, men det var ein uvanleg ting. ein kollega til desse stjernene skulle synge på kjempesjangsen får å få litt pengar, og dette ville alle sjå. eg sneik meg inn i artistfoajeen får å sjå kva som foregjekk der. det satt halve slolistkollegiet og såg på tv. så sa ho eine: er det lenge til me skal på scenen no? men det var det ingen som viste og ingen som ville finne ut heller. dei diskuterte om dei kanskje kunne rekke å sjå kan synge før dei måtte på scenen men fant ut at det ikkje ville gå, då blei dei litt leie seg. men dei sat der store delar av forestillinga og såg på tv, det skal verte godt når eg får det slik.

ressigøren som og er ein utmerka tenor kunne fortelja at han skulle til athen i februar og der skulle han ver i 6 veker å jobbe. det høyres deileg ut, det skal verte godt når eg for fine oppdrag i varmare strøk.

resigøren spurte meg i dag om eg gleda meg til å få roller og ikkje berre synge i koret då svara eg eit utvetydig ja, det skal verte kjempekjekt. men det vert vel nokre arbeidsveker til kan eg tenka meg. konsert på tirsdag kl 1930 i lillekonsertsal på musikkhuset på bjerksted, fri entre, så bare kom

grunnen til at det ikkje er eit fint bilete på denne posten eg at eg blautla fotoaparatet mitt i sommer..