leffi all over the place

Friday, September 22, 2006

tilstanden i juvelveien30

ja no kjem oppfylgjaren etter i går. eg tok nemleg hevn. eg gjekk å gleda meg heile dagen. til at odd skulle leggja seg. for eg hadde nemleg tukla med senga til odd. etter alle morgonane med hovedkål bestemte eg meg for å gjere hevn. når odd ikkje var heime gjekk eg inn på rommet hans og tok vekk alle plankane i senga hans. så la eg madrassa forsiktig oppå. og forlot rommet. då odd skulle leggja seg havna han å golvet eg stod utøre å lo, no kunne eg med stor glede gå å leggja meg. diverre vakna eg i dag av nok eit hovudkål. så no veit eg ikkje heilt kva mitt neste trekk skal vere.

Thursday, September 21, 2006

livet i juvelveien 30 -the leffi version

her i juvelveien er livet bra. i alle fall for det meste. unntak eg det sjølvsakt og nokre av dei unntaka vil eg gjerne nemna her for å få utløp fom fustrasjonane mine.

det som er mest trivselsnedsettande er når odd står opp om morgonen. i begynnelsen var det litt plagsomt for han står opp tidleg og det vakna eg av. no har eg blitt å trøyt at det ikkje eg noko å tenka på lenger. MEN, det er eit stort men. no har nemleg odd fått for vane å koma inn på rommet mitt klokka 0630 for å hive hovudkål på meg! og av og til tomater og. det er litt ubehageleg!

det er vel eigentleg det som fører til dårleg trivesel her i gården men havna er heldigvis søt!

Sunday, September 17, 2006

cd salget

i går blei eg kvitt cden eg har skreve om. eg skulle nemleg i selskap og såg moglegheiten til å bli kvitt cden. eg ga han til Kristine. eg kan melda at ho blei svært glad for han. så glad blei ho at ho byrja å le. det var eg sjølvsagt glad for.

det var foresten kjekt å treffa ho igjen sidan ho ikkje bur her lenger. alice dukka og opp frå kristiansand, det var og eit hyggeleg gjennsyn. i begynnelsen var eg den einste guten der. det blei mykje sladder, men det plar jo vere kjekt i visse mengdar, så det var ikkje så gale. så kom odd etter kvart, det hjalp litt på sladderfaktoren, men ikkje så mykje.

eg inviterte alice på middag i dag men ho kom ikkje. ho hadde nemleg på førehand avtala at ho skulle i møte med venninna iris adele. difor gjekk eg heller på middag til mor og far i dag. det var godt. eg hadde med meg ein eplepai eg laga i går. eg laga og brownies i går. eg trur ikkje eg greier ete opp alt, difor blir takksemda stor viss du som les dette vil koma på besøk å eta kake og på den måten letta trykken på magen min.

viss nokon lurer på kvifor eg ikkje lenger legg ut bilete på denne bloggen er det fordi eg har øydelagd fotoaparatet mitt. det skjedde på skjærgårds i sommar då eg la kameraet i same pose om ei vannflaske. flaska opna seg og kameraet stod ikkje til å redda.

takk for at du les om livet mitt