leffi all over the place

Sunday, June 03, 2007

opera

i dag skal eg skriva om ei ny oppdaging. ein netlesar som ikkje heiter explorer. men opera. det er vistnok nokre norske menn (moglegens og damer) som har laga denne nettlesaren og han er kora til den beste!

det eg likar best med de nye nettlesaren min er at det er noko som heiter widgets. det er sånne tøffe ting som berre må opplevast. favorit widgetsen min er simsquarium. der har eg fiskar som eg kan kjøpe å selge. fiskane mine lagar ungar som eg kan selge slik at eg kan kjøpe ting til fiskane mine, som f.eks. vasspumpe, planter, lys eller leikekameratar til fiskane.