leffi all over the place

Wednesday, April 25, 2007

uønska

Ein gong no i haust vart eg invitert av mi kjære klassevennine på ost og kjeks trur eg det var. Eller så var det st og vin. Det kan eg ikkje huksa, men det er ikkje det viktige. Eg sa eg skulle koma. Eg skulle først heim ein tur, og som dei fleste veit bur eg på Kvernaland, og må då ta toget i ca 30 min pluss ein liten køyretur(det var på den tida eg hadde bil). Eg kom meg vel heim og fant meg godt til rette i sofaen. litt for godt til rette for eg gadd ikkje reise inn til Stavanger igjen.

Då eg kom på skulen neste dag sa Annette Maria Kaarud til meg: (les på tønsbergsk) " det er vanlig høflighet å gi beskjed når du ikke kommer alikevel!" ho såg stykt på meg. eg gjekk då inn på toalettet for å lette på trykket, og der fant eg dopapir som eg skreiv eit dikt på. eg huksar ikkje diktet, men det var fint og Annette Maria Kaarud smilte igjen. då vart eg glad. men eg har aldri vorten invitert på ost og kjeks eller vin igjen. det er litt dumt.

Annette Maria Kaarud er med dette invitert på ost og kjeks (eventuel vin må takast med sjølve). Du har ikkje avbudsmeldeplikt, men påmelding er forventa innan rimeleg tid!

Alle andre som vil treffa meg oppmodar eg til å sette av torsdag 10. mai! oppmøte i foajeen i Sandnes Kulturhus klokka 1915! Ta med hundre kroner så skal me ha det kjempe kjekt ilag! kake vert servert i leiligheten litt utpå kvelden!
påmeldingsfrist innan klokka 1600 onsdag 9. mai slik at alle kan få kake!

Monday, April 16, 2007

konsert, concerto

hallohallo!

i dag skal eg informera om noko. i morgon, tirsdag, 17. april skal eg syngja på konsert i lille konsertsal (populært kalla LKS) kl 1900. det er grastis og det er kjekt me publikum så det er berre å koma viss du skulle ha lust til det. viss du lurer på kvar LKS er, er det berre å skriva eim melding så skal eg forklara kvar det er. eller du kan spørje her på bloggen min.

adio!