leffi all over the place

Wednesday, August 23, 2006

cd til salgs

no er det omlag eit halvt år sidan eg var i london. då kjøpte eg mange cdar. eg oppdaga fort at ein av dei var eit gedigent dårleg kjøp, og difor vil eg selga han! artisen heiter Tony Henry han er tenor og syng popsangar og liknande ilag med Royal philharmonic Orchestra og cden heiter modern Arias. eg likte han ikkje så godt men det er sikkert nokon der ute som vil ha han. eg trur det beste er ein bodrunde å me startar på 20 NOK. vennligst legg inn bod og namn så får me snart ein heldig og ny vinnar! porto kjem i tillegg

Saturday, August 12, 2006

gehør1

no er det ca. 10 dagar sidan eg fekk telefon frå konservatoriet om at eg måtte ta ein ny gehørprøve. og no har eg trent gehøret mitt kvar dag i minst 10 min i ca. 10 dagar. nokre dagar har eg holdt på i 2 timar tilsaman. eg begynner å gå tom for motivasjon, men eg skal verta god i dette no. etter 3 år me dårleg innstats i faget er det på sin plass at eg slitt litt no. men viss det er norke der ute som har nokre gode råd til korleis eg kan motivera meg sjølve tek eg imot råda med den største begeistring! berre skriv ein komentar her så skal eg lesa han!

Thursday, August 03, 2006

trening 5

i dag har eg hatt mi 5. treningsøkt. i dag velgte eg å trene øyra. dagen i dag byrja nemleg fint, men så ringte institutleiaren frå institut for song og dans ved uis og meddelte meg at eg ikkje hadde besått gehørkrava som er for å byrgje på utavande klassisk song. difor må eg ta ein gehørprøve når eg har begynt på skulen. i veke 34 skal prøven haldast. han sa at eg skulle kjpa meg ei bok som heiter "la det klinge" og den har eg bestil. mellombels har ingrid vore så elskverdig at hu fant eit dataprogram til meg som heiter "eartraining pro" det har eg lasta ned og har no hatt meg ei god økt med høyrelære. frivillig!!! eg skal ha meg ei økt til dagen no fram til prøven er unnagjort. eg kjente igjen ein del interval så eg er optimist. bilete kjem seinare

Tuesday, August 01, 2006

trening4

ja no er treningsøkt nr. 4 unnagjort. i helga var eg på fjelltur, og det er å rekne for god trening. i skrivande stund verkar eg fortsatt i kne, anklar og lår. før eg la ut på denne turen hadde eg vrengd foten og han var fortsatt litt hoven då eg la avgarde opp til Mån (det er der månafossen er). eg hadde for sikkerhetens skuld kjøpt inn ein stønadsbansasje som eg nytta på heile turen. fyrsta dagen gjekk me bare 1 time. me slappa ov å kosa oss. me la oss til å sova, men det fekk eg ikkje til fordi det var så mykje mygg. eg fant meg ein stein ute i elva. der var det ikkje mygg og eg såv godt der rett på steinen (eg nytta foresten ikkje liggjeunderlaget eg hadde med meg i det heile, eg lånte det bort til Torbjørn). dag nr. to gjekk eg på ein smel. på grunn av lite intak av næring og drikke gjekk eg på ein smell og blei hengande etter hovedfeltet. Torbjørn tok av, men trass mine åtvaringar roa han seg ikkje ned og gjekk på ein smell han og. han fekk krampe i låret, så han sleit vel eegentleg meir enn meg. på kvelden fant me ein fin foss som me bada i, då fekk eg n y energi og blei glad og hoppa som son galen i fossen, det var herleg! dag 3 skulle me heim igjen, men me ville ikkje gå i dalen så me gjekk den bratte vegen opp på fjellet. tilsaman gjekk me i 10 timar og ca 1 time pause gjennom heile dagen. etter 6 timar begynte beina mine å verka. og me skulle gå ned hjertrudjuvet. det var smertefult i kne og anklar. steini foreslo at eg skulle teipa anklane mine men eg kunne ikkje forstå korleis det skulle hjelpa knea mine så eg sa me kunne venta. eg gjekk seint lenge og forsinka heile gruppa. eg var sur og lei. men så teipa me den eine ankelen og då greide ikkje resten av gruppa å halde følge med meg for eg gjekk så fort. når eg hadde det som verst spurte odd kvifor eg såg på han me kvalpeauge. til det kan eg svara at det var ikkje noko kvalpeblikk, det var eit smertensblikk. men det er vel slik at når noko så søt har det så vondt blir det vel kvalpeblikk unasett kor hardt ein prøvet å ha det tilsynelatande vondt. når me hadde 30 minutt igjen ringte mot mi til odd. då hadde foreldra vore blitt bekymra fordi me var så seine utan å seie ifrå. sjølv om turen høyres hard ut for ein utrent persom er eg glad eg var me for et var særs kjekt. bilete kjme litt seinare viss det er ok...